– Eg har vore tilsett hos Ole Ringdal AS sidan 1985 og har køyrd denne strekninga fleire gonger i veka. Som oftast har eg frakta kjøtvarer til Ålesund, fortel Frøysa.

Noko dramatikk har han ikkje opplevd på desse åra, men han har køyrd med rasfaren hengande over seg – og han har mange gonger opplevd at vegen har vore stengd.

– Då har det anten vore rasferje, eller eg har køyrd om Nordfjordeid, og seinare om Kvivsvegen etter han stod ferdig. Det har også hendt at eg har overnatta i bilen.

Sjefen hans, Ole A. Ringdal, seier det skal bli ei lette å få ta i bruk den nye tunnelen.

– Rassikker veg er viktig for sjåførane våre, for dei som har pendla hit til fabrikken vår – og for å få ut varene til rett tid. Fylkesveg 60 mellom Hellesylt og Stranda er viktig for bedrifta vår. Vi har ca. 30 passeringar over Ljøen med bilane våre kvar veke, lasta anten med slaktedyr eller kjøt, seier Ringdal.

– Laurdag vert ein merkedag, ikkje berre for Stranda kommune, men for heile regionen, slår Stranda-ordførar Jan Ove Tryggestad (Sp) fast, og oppmodar bygdefolket til å heise flagget på laurdag.

LJØTUNNELEN No pågår den siste finpussen før sperringane blir fjerna og den nye Ljøtunnelen kan takast i bruk. Foto: Terje Engås

Han meiner at den rassikra vegen vil vere med på å trygge arbeidsplassar, og bidra til å skape nye i området.

– Saman med Kvivsvegen er dette ei stor og tung investering som storsamfunnet har gjort i distriktet, rosar Tryggestad.

Prosjektleiar Arne Ola Stavseng i Statens vegvesen fortel at arbeidet på prosjektet tok til i mai 2009. Det er lagt ned 550.000 arbeidstimar, som har gått med til å bygge tre tunnelar, ei bru, nye vegar i dagen – og rasvollar. Til ein kostnad av ca. 1,2 milliardar kroner.

No pågår den siste finpussen før sperringane blir fjerna og den nye Ljøtunnelen kan takast i bruk. Foto: Terje Engås