Yrkessjåfør Per Amund Frøysa har køyrd over Ljøen sidan 1985

Endeleg får han rassikker veg

Laurdag opnar Ljøtunnelen, og dermed er strekninga Hellesylt-Stranda rassikra. Det ser Per Amund Frøysa fram til.

VEGBRUKAR Per Amund Frøysa har køyrd kjøtvarer for Ole Ringdal AS sidan 1985. Han ser fram til rassikker veg mellom Hellesylt og Stranda. Laurdag får han oppleve det.  Foto: Terje Engås

Nyheter

– Eg har vore tilsett hos Ole Ringdal AS sidan 1985 og har køyrd denne strekninga fleire gonger i veka. Som oftast har eg frakta kjøtvarer til Ålesund, fortel Frøysa.