Det har fått styret i Destinasjon Geirangerfjord til å reagere. I ei pressemelding skriv dei at dei er fortvila og meiner at Stranda kommune sviktar lokalt reiseliv.

– Stranda kommune er ved sidan av byane den største reiselivskommunen i fylket, og ein av dei største på heile Vestlandet. Likevel er Stranda kommune blant kommunane som bidreg minst til å utvikle reiselivet gjennom bidrag til destinasjonsselskap, legg dei til.

Styret viser også til at destinasjonsselskapet har lagt ein ny strategi der hovudoppgåva er å sikre utvikling av heilårsturisme til området, noko Stranda kommune bør ha stor eigeninteresse av. Strategien til Destinasjon Geirangerfjord har solid støtte frå Fjord Norge, legg styret til.