Ifølgje ei pressemelding frå Nav er sjukefråværet i Møre og Romsdal om lag som i fjor, men dei ser ein liten nedgang i tredje kvartal.

I tidlegare analysar har Nav sett at konjukturane i arbeidsmarknaden spelar ei viktig rolle i forhold til sjukefråvær. Høg vekst i talet på ledige gir ofte vekst i langtidssjukefråværet.

– Sett i lys av dette er det godt å sjå at sjukefråværet i fylket likevel har gått ned siste året, seier fylkesdirektør Stein Veland i pressemeldinga.

(Teksten held fram under bildet)

Sjukefråværet i Møre og Romsdal er på 5,5 prosent, noko som er 0,1 prosentpoeng høgare enn landssnittet.

Det betyr at Møre og Romsdal er om lag midt på treet i forhold til dei andre fylka.