Politiet melder om eit trafikkuhell med to bilar involvert i Skodje, torsdag kveld.

– Det er ikkje melding om personskade. Kun materielle skader, opplyser politiet på twitter.

Politiet opplyser at den eine involverte er ei kvinne i 40-åra. Ho er mistenkt for å ha køyrd i rusa tilstand. Ho får førarkortet sitt beslaglagt og blir politimeldt.

Meldinga frå politiet er publisert klokka 1927 torsdag kveld.