Denne jula er det kome opp ein heilt spesiell juledekorasjon på Stranda. Sverre-Jan Rønneberg, som er dagleg leiar og medeigar i Stranda Anleggsservice AS, er arkitekten bak pyntinga:

– Det var for å gi ekstra julestemning til dei som bur her, seier Rønneberg til nettstaden at.no som først skreiv om saka.

God utsikt for mange

Gravemaskina står på Framhus, som ligg på andre sida av der dei fleste på Stranda bur.

– Mange bur på motsett side, og det var litt difor eg gjorde dette, sidan det er mange som ser mot denne plassen. Eg har sett andre gjere liknande, og er blitt inspirert av det, seier Rønneberg til smp.no.

Ikkje så ofte i bruk

Ifølgje at.no har Rønneberg brukt ei 45 meter lang lysslynge, med til saman 450 lys for å pynte gravemaskina.

Rønneberg fortel til smp.no at maskina ikkje er i dagleg bruk.

– Eg driv entreprenørfirma til dagleg, men dette er ei gardsmaskin som ikkje er så ofte i drift, og det er difor dette har vore mogleg, seier Rønneberg til smp.no

Har fått stor respons

Det var altså nettstaden for Anlegg & Transport som først skreiv om saka. Og responsen let ikkje vente på seg, med mange delingar og likarar på Facebook.

– Det har vore stor respons, ja, mykje meir enn eg hadde drøymt om, så dette var artig, seier Rønneberg.