Dette kjem fram i ei pressemelding frå Møre og Romsdal politidistrikt.

Vil ha kontor i Ulsteinvik og Fosnavåg

Politimeisteren har no konkludert med at det bør vere lensmannskontor både i Ulsteinvik,  Fosnavåg og i Tingvoll. Politimeister Ingar Bøen støttar seg mellom anna til nærare 30 høyringsfråsegner som er komne inn frå kommunar i fylket.

Politistasjonar i dei tre største byane

Og det blir lensmanskontor i Aure, Tingvoll, Surnadal, Sunndal, Fræna, Vestnes, Rauma, Haram, Sykkylven, Herøy og Sande, Ulstein og Hareid, Vanylven og Ørsta.

Endeleg avgjerd innan 1. april

Politidirektoratet har det endelege ordet når det gjeld strukturen i politidistrikta. Avgjerd derifrå skal etter planen ligge føre midt i januar.

Deretter får kommunane ein klagefrist til 1. mars på delar av avgjerda – først og fremst saksbehandlinga. Justisministeren er klageinstans for avgjerda frå direktoratet og alle klager er venta ferdig behandla innan 1. april.

Skal bli betre polititeneste

Siktemålet med strukturedringa er å frigjere ressursar for å gje innbyggarane i Møre og Romsdal ei betre polititeneste:

– Politiet skal vere til stades i lokalmiljøa og vere synleg for publikum, og det skal etablerast eit tettare samarbeid med kommunane. Det forpliktar både politiet og kommunane, seier Bøen i pressemeldinga.

Vidare viser han til at målet med Nærpolitireforma er eit politi som er operativt, synleg og tilgjengeleg og som har kapasitet og kompetanse til å førebygge, etterforske og påtale kriminelle handlingar og sikre innbyggarane sin tryggleik. Det skal utviklast eit kompetent og effektivt lokalt nærpoliti der folk bor.