Haram seier nei:

Meiner eigedomsskatt kan true næringar

Det er framleis nei til eigedomsskatt i Haram, men nokre parti har meir lyst på skatten enn andre.

Nei: Kommunestyret i Haram sa torsdag nei til å innføre eigedomsskatt no. Frykta for å terge på seg utanlandske eigarar av hjørnesteinsverksemder heng fast i politikarane. 

Nyheter

Rådmannen fekk ikkje gjennomslag for sitt forslag, då saka var handsama i kommunestyret sist torsdag. Rådmannen meinte det var naudsynt å innføre slik skatt for å halde oppe tilboda for innbyggjarane.