– Vestnes går inn i ein periode med store investeringar. Vi skal mellom anna bygge nytt helse- og velferdssenter og ny ungdomsskule. Då har vi behov for å skaffe inntekter, seier Roaldsnes.

Bakgrunn: Nordvestlandet skygger unna eiendomsskatt

Prosjekta er under planlegging, og dei største investeringane skjer i 2018 og -19, men kommunen vil bygge fond. I tillegg har Vestnes vedtatt å stå aleine i arbeidet med reforma.

– Eigedomsskatten vil gi oss 19 millionar i inntekter i 2017, seier administrasjonssjefen.

Les også: Haram meiner eigedomsskatt kan true næringar

Vestnes er einaste kommunen i vårt dekningsområde som gjer satsendring, men kommunen er slett ikkje einaste med eigedomsskatt i Romsdal. Eide har vedtatt skatten frå 2018, og Midsund blir då einaste kommune utan eigedomsskatt i Romsdal, inntil dei slår seg saman med Molde.

– Eg har sett at det er stor forskjell på Romsdal og Sunnmøre, påpeiker Roaldsnes.