Stryn:

Skadd i trafikkulykke

Trafikkulykke med personskade i Stryn søndag kveld.

Ulykka skjedde ved bygda Fjelli, på Panoramavegen, nord for Nordfjorden. Illustrasjon: Google Maps 

Nyheter

Ein bil har køyrd av vegen ved bygda Fjelli i vestre del av Stryn kommune. Ifølgje politiet i Sogn og Fjordane enda bilen på taket. Bilfører, ei kvinne i 20 åra, er skadd i ulykka.

Politiet fekk melding om ulykka klokka 22.35, naudetatar er på staden, melder Sogn og Fjordane politidistrikt på Twitter klokka 23.10.

Ulykka skjedde på Panoramavegen, nord for Nordfjorden.

Kvinna var bevisst og klaga på smerter då politiet var på staden. Etter alt å døme skal det ikkje vere snakk om alvorleg personskade.