Jon Georg Dale (Frp) møter torner på sin veg – men er sikker på distriktsprofilen:

Møre og Romsdal Bondelag har gått delvis på barrikadane, og får støtte av Sunnmørsposten på leiarplass i skepsisen mot å redusere talet på såkalla mjølkeregionar i landet frå 18 til 10. Leiar Oddvar Mikkelsen i fylkesbondelaget seier seg redd for summen av tiltaka i landbruksmeldinga, og han dreg sterkt i tvil det ministeren lovar blir betre politikk for distriktslandbruket.

Jon Georg Dale er sikker

– Kva seier du til denne kritikken, Dale?

– For det første registrerer eg at Bondelaget var ute med ei kritisk pressemelding alt før eg hadde rukke å presentert ferdig landbruksmeldinga.

– Dette meiner eg minner om skyttargravshaldningar i utgangspunktet. For min eigen del er eg svært sikker på at dei skisserte tiltaka i meldinga vil få god effekt i distrikta, seier Dale.

Gras i utkantane

Hovudtanken til ministeren i denne samanheng, er å auke kornproduksjonen på sentrale strøk som Austlandet og Jæren, og samstundes minske grovforkrevjande drift som mjølkeproduksjon tilsvarande i same strøka.

Nye regionar

– Men kva med stridens største eple, mjølkeregionane, bøndene meiner ei halvering vil ta frå dei påverknadsretten – og presse fram skeivt kvotesal?

– Bøndene har alt sjølve vore med og diskutert ein slik reduksjon. Personleg har eg ikkje greidd å få auge på at det ligg særleg påverknad i desse regionane.

– Og eg kan forsikre: Eg er fullt ut villig til å diskutere løysingar for nye regioninndelingar, tilpassa landbruket sitt beste i kvar region, lovar Jon Georg Dale. Han er klar på at det må gjerast grep for å få politikken framtidsretta.

– Dette når det gjeld alt frå miljøprofilen, og mengda av mat som vert produsert, til kvar han skal produserast.

– Sentraliseringa av folk er uvilkårleg sterk, ikkje berre lokalt og nasjonalt, men også internasjonalt. Ikkje minst av denne grunn er eg så innstilt på å skape vilkår som framleis vil gjere det aktuelt for folk i distrikta over heile landet vårt å satse, hevdar Dale.

Risp

– Men det er altså ikkje berre heime i Dalsfjorden du finn klungerkratt og tornar, dei finst til fulle nasjonalt? – Nokre risp av slike tek eg med knusande ro. Men eg skal vere med på at her kan vere mykje å diskutere, og det skal vi absolutt gjere i tida fram mot neste jordbruksoppgjer, lovar matminister Dale. Som alt er i ferd med å pakke bilen for å setje kursen heim til distriktsjulefeiring.

Skummel tone

Bondelagsleiar i Møre og Romdal, Oddvar Mikkelsen, kjøper ikkje ministeren si landbruksmeldingsoptimisme.

Kyr på flyttefot: Jon Georg Dale vil sende kyr på vandring frå sentralt kornland, og ut til Distrikts-Norge. Arkivfoto: Knut Arne Aarset Foto: Knut Arne Aarset
Nei: Leiar Oddvar Mikkelsen i Møre og Romsdal Bondelag seier ja til bondepåverka mjølkepolitikk, og nei til grunntonen i landbruksministeren si landbruksmelding. Arkivfoto: Knut Arne Aarset Foto: Knut Arne Aarset