Med vindkast opp mot orkan styrke, frakta redningsskøyta folk heim frå Måløy til Husevågøy, sør for Måløy i Sogn og Fjordane, melder NRK.

Øyfolket pendlar vanlegvis med ferje mellom Måløy og Oldeide, men den vart innstilt på grunn av uvêret tysdag ettermiddag og kveld.

Så var det nokre av dei vêrfaste pendlarane som fekk ein idé:

– Vi fekk spørsmål frå nokre øybuarar om vi kunne køyre dei bort. Vi tok kontakt med kommunen, som ikkje hadde tenkt på oss. Etter at ordførar og rådmann hadde rådføyrt seg, ringde dei tilbake etter kort tid og rekviverte oss, fortel kaptein Håvard Svoren.

Dermed frakta redningsskøyta mellom 10 og 15 personar trygt heim - sjølv om bilane nok måtte stå att.

– Korleis var forhalda?

Svoren ler kraftfullt over telefonen.

– Dei var nokså utfordrande, du! Det er jo ein liten båt, og vi hadde folk i alle aldre. Det var mykje sjø, og vind opp i orkan styrke. Det var utfordrande, men gjekk veldig bra!