– Det vi melder på Twitter skal spegle det som skjer i samfunnet.

Det er John Kåre Flo som seier dette. Han er leiar for fellesoperativ eining i Møre og Romsdal politidistrikt, og er sjef for operasjonsleiarane i politiet.

Og det er operasjonsleiarane som skriv kortmeldingane på Twitter om politiet sitt arbeid og andre hendingar.

To døgn – to meldingar

Sunnmørsposten tek kontakt etter ein periode på snart to døgn med berre to twittermeldingar frå operasjonssentralen i Ålesund.

– Skjer det så lite, Flo?

– Det har vore veldig stille i periodar no, og det er ikkje alle politiet sine oppdrag som har offentleg interesse, seier Flo.

Han meiner Twitter er blitt veldig viktig for politiet, og at dei har stort fokus på dette.

– Vi prøver å gjere dette likt, men det vil vere skilnader frå person til person, akkurat som i ein redaksjon, seier Flo.

Operasjonssentralen på Sunnmøre har knappe 19.000 følgjarar, og Twitter fungerer fint for å nå ut til folk, meiner Flo. Det korte formatet på meldingane gjer det likevel tidvis krevjande å få sagt nok om hendinga.

Varierande, seier redaktør

Redaktør Hallstein Vemøy i NRK Møre og Romsdal.

– Politiet kan fort ta ei redaktørrolle på kva folk treng å vite, eller ikkje. Dette meiner eg pressa har større kunnskap om enn politiet, seier distriktsredaktør Hallstein Vemøy i

NRK Møre og Romsdal

.

– Vårt inntrykk er at Twitter-oppdateringa frå politiet er varierande alt etter kven som er på jobb. Slik er det både i Ålesund og i nordfylket. Det er ikkje heldig at det er slik, og vi kan ikkje vere heilt sikre på at folk får den informasjonen dei bør ha, seier Vemøy.

– Nokre operasjonsleiarar er flinke, medan andre gjer lite, Pressa har sjølvsagt eit eige ansvar, strekar Vemøy under.

– Systemet no er bygd på tillit mellom politiet og media. Vi skal kunne stole på at hendingar som har offentleg interesse blir oppdatert i loggen deira og twitra om, og så kan vi ta kontakt med politiet for eventuelt å få meir opplysningar. Ofte fungerer dette, andre gongar ikkje, seier Vemøy.

– Slik samfunnet har utvikla seg er viktigheita av korrekt og sakleg informasjon endå større enn før. Det må både vi og politiet gjere vårt for å bidra til.