Leiaren i kommunalkomiteen på Stortinget, Helge Andre Njåstad (Frp), stadfestar langt på veg overfor NRK at det er fleirtal på Stortinget for at Møre og Romsdal får halde fram som eige fylke.

Stryn-ordførar Sven Flo (H) er ein av dei som dermed ser mot Sunnmøre. Helst vil Flo ha ein stor vestlandsregion frå Møre og Romsdal til Hordaland. No meiner han at kommunestyret i Stryn grundig må ta ei vurdering, og velje mellom Nordfjord og Sunnmøre.

– Historisk har vi eit veldig naturleg samarbeid nordover. Vi har ein felles næringsstruktur og ein infrastruktur som er ein fordel for oss, seier Stryn-ordføraren til NRK.

– Regionkartet er grovteikna

Dette kjem etter at Hornindal i lengre tid har sett mot Sunnmøre og truleg blir slått saman med Volda.

Stortingsrepresentant frå Hornindal, Bjørn Lødemel (H), seier regionkartet no er grovteikna i Stortinget. Overfor Fjordingen viser han til at Harald Tom Nesvik, parlamentarisk leiar i Frp, med støtte frå Venstre, har kome med klare utsegn om at Møre og Romsdal får stå som sjølvstendig region, utan at nokon har teke til motmæle.

Blir Nordfjord større? Vanylven vil snakke med Nordfjord

Irritert Bjørlo

Heller ikkje Eid-ordførar Alfred Bjørlo (V) tar direkte til motmæle. Men han lar seg irritere over forsøket på å splitte opp Sogn og Fjordane.

– Lødemel driv eit spel for å prøve å lokke fleire i Nordfjord over til Sunnmøre, seier Bjørlo til Sunnmørsposten.

– Bjørn Lødemel bruker no dagane på å splitte opp Sogn og Fjordane slik at vi i kommunane lengst nord vender ryggen til Vestlandet, skriv Bjørlo på facebook-sida si.

Lødemel tilbakeviser dette på det sterkaste.

– Dette er rein svada om mine motiv. Det eg seier er at viss ein ønskjer å vere i ein annan region, så må ein ta aktive steg no, svarer Lødemel.

Aasen ikkje redd for tvang

Fylkesordførar Jon Aasen (Ap) og det store fleirtalet i fylkestinget har gjort minst mogleg i regionreforma. Også han trur regionkartet er grovteikna no.

Vanylven-ordførar Lena Landsverk Sande seier til Fjordenes Tidende at ho er misfornøgd med at Aasen ikkje vil ta ein seriøs naboprat med nabofylka. Andre igjen er redd for at Møre og Romsdal blir tatt på senga og blir tvangssamanslått.

– Nei, dette er totalt utan risiko for Møre og Romsdal. Regjeringa vil jo ikkje ha fylke eller regionar i det heile. Kvifor skal dei då bli fadder for ei ordning som sementerer regionane i lang tid framover? Dette har dei lagt fram med fingrane i kors på ryggen, meiner Aasen.

Les fleire saker om kommunereforma

Han legg til at Møre og Romsdal fungerer godt i dag.

– Eg høyrde komiteleiaren på radioen, Helge André Njåstad, han er tydeleg på at Møre og Romsdal får halde fram som eige fylke, seier Aasen.

– Det har eg ingenting med. Vi har kritisert trønderane for å fri til nordmørskommunane og vil ikkje gjere det same.

– Også Bjorli har ønskt å melde overgang til Møre?

– Dei fekk jo nei frå Rauma, men i helgene er det jo mange ålesundarar på Bjorli, så kanskje Bjorli kan bli del av Ålesund, seier Aasen med eit glis.

Nordfjord + Sunnmøre

Sikker Jørgen Amdam er både Volda-ordførar og regionforskar.

I Volda er Jørgen Amdam sikker på at Nordfjord kjem til å bli ein del av Møre og Romsdal før eller seinare.

– Folk stemmer med føtene, meiner Amdam.

– No er eg spent på kva regjeringa vil svare. Vil dei berre slå saman regionar, eller vil dei justere grensene etter det som er bu- og arbeidsmarknad?