- Det er svært gledeleg, seier samferdsselsjef Arild Fuglseth i Møre og Romsdal Fylkeskommune. Tilboda gjeld dei to ferjesambanda Hareid-Sulesund og Sykkylven-Magerholm, på fylkesveg 61 og 60. Kontraktsperioden på den første strekninga er frå 2019 til utgangen av 2030, medan avtalen før Hareid-Sulesund er mellom 2020 og 2030.

Lukka anbod

Møre og Romsdal fylkeskommune vil no gå gjennom innkomne tilbod for å sjå at dei er i samsvar med dei krava som er stilt, skriv fylkeskommunen i ei pressemelding.

Opninga av konkurransen er lukka, då dette er ein konkurranse med forhandling. Informasjon om talet tilbydarar og liknande blir ikkje delt før valet av reiarlag er gjort.

Tildeling i mars

Ny ferjeplan fra regjeringen Frykter store ferjekutt Regjeringens planer for framtidige ferjetilbud kan føre til store kutt i tallet på avganger på flere samband i Møre og Romsdal.

Ifølgje fylkeskommunen vil forhandlingane med dei aktuelle reiarlaga blir gjennomført i løpet av januar/februar 2017. Etter planen vil kontraktstildelinga skje 01.03.17.

Reiarlaget med det mest fordelaktige tilbodet økonomisk ut frå tildelingskriteria; pris og miljø, blir tildelt kontakta, heter det i pressemeldinga.

Samferdselssjef Arild Fuglseth i Møre og Romsdal, er nøgd med interessa for å drive ferje over Storfjorden. Foto: Staale Wattø