Ekornestilsette på Hareid må pendle til Sykkylven for å behalde jobbane sine.

– Det er klart det er ein stor overgang for oss, og mest for dei som har ansvar for små barn. For meg var det verre oppe i hovudet på førehand enn i verkelegheita, seier Anne Mari Smoge til Sunnmørsposten.

Samle all sofaproduksjon

Som ledd i effektiviseringa vedtok styret i Ekornes AS på forsommaren å slå sofafabrikkane på Hareid og i Sykkylven saman. All produksjon er blitt samla i dei gamle lokala til det som i si tid var Vestlandske Møbel på Aure. Dei tilsette på Hareid fekk tilbod om jobb i Sykkylven.

– Eit stort fleirtal av dei tilsette ville bli med til Sykkylven. Det er smått om arbeidsplassar på Hareid, seier Anne Mari Smoge, som har 22 år bak seg på Ekornes-fabrikken.

Ho var hovudverneombod på fabrikken på Hareid, og som opplæringsansvarleg for saum tok ho til å pendle for fire månader sidan for på førebu flyttinga.

Dagen startar 05.50

– I dag kom resten frå Hareid, 50 arbeidarar, seier Anne Mari Smoge.

– Kor lang tid brukar du til jobben?

– Før brukte eg fem minutt til fabrikken på Hareid. No reiser eg heime frå kl. 05.50 om morgonen og stiller meg i ferjekø for ferjeavgangen kl. 06.00. På Magerholm er det ny ferje. Reisa går effektivt, slik at eg stemplar inn kl. 07.10, seier Smoge.

I starten planla ein felles buss frå Sulesund, men det synte seg å bli både dyrare og mindre effektivt. Anne Mari Smoge fortel at ein har organisert seg slik at dei som bur nær kvarandre køyrer saman. Det blir om lag fire i kvar bil.

Glad i arbeidet

– Korleis opplever du situasjonen?

– Det er trist at fabrikken på Hareid er lagt ned, men vi kan ikkje dvele med det som var. Vi må gå vidare. Eg er svært glad i arbeidsplassen, og vi har i alle fall ein jobb å gå til, seier Anne Mari Smoge som meiner ho er blitt tatt svært godt imot i Sykkylven.

Ho trur nok dei yngre som har moglegheiter på arbeidsmarknaden, prøver å finne seg eit nytt arbeid nærare heimen. Andre som ikkje er så sterkt knytt til Hareid, vurderer å flytte nærare Sykkylven.

Godt førebudd

Fabrikksjef Ole André Småge ved avdelinga på Aure seier at han forstår dei som ikkje likar pendlinga. Han har inntrykk av at dei fleste prøver å innrette seg slik at pendlinga ikkje skal opplevast lang.

– Vi har førebudd denne flyttinga i lang tid, og mange frå fabrikken på Hareid var innom den nye arbeidsplassen her før jul for å bli kjent. Samstundes har vi hatt aktivitetsdagar og gruppearbeid for å sveise dei to organisasjonane betre saman, seier Småge.

Maskiner frå Hareid er blitt flytta til Sykkylven. No er sofaproduksjonen til alle marknader, bortsett frå den til USA, i Sykkylven.

– Det tyder at vi no produserer fire modellgrupper på fabrikken i Sykkylven, seier Småge.

Det er no 180 tilsette på fabrikken på Aure. Nokre har fått flytte over til fabrikken på Ikornes for å få kortare pendlarveg.

Småge fortel at fabrikklokala er blitt pussa opp og kantina blitt gjort lysare og trivelegare.

– Det skal difor ikkje stå på arbeidsmiljøet når vi tek imot våre nye arbeidarar frå hareid, seier Ole André Småge.

Fabrikksjef Ole André Småge har førebudd flyttinga av fabrikken på Hareid til Sykkylven godt. Her er han saman med nye kollegaer, Gerd Gaasø (tv) og Anne-Karin Grotle Liaset (th). Foto: Nils Harald Ånstad
Anita Sande er ein av dei over 50 tilsette som i går starta å jobbe i Sykkylven. Men arbeidet er det same. Foto: Nils Harald Ånstad