Han er usamd i utspelte frå NHO-direktør Kristin Skogen Lund (sjå faktaboks) og seier ein har høyrt liknande ting frå den kanten tidlegare. Skogen Lund har også tidlegare teke til motmæle mot «mastersjuke».

Sikre yrkesval

– Både kunnskapsministeren og rektor ved Universitet i Bergen har teke til motmæle mot Skogen Lund med ein argumentasjon som eg kjenner igjen. Ved Høgskulen i Volda kjenner vi oss ikkje trefte av kritikken frå NHO, seier Roppen.

Han peiker på at læraryrket er ei av framtidas sikre yrkesval saman med til dømes sjukepleiar, vernepleiar og hjelpepleiar ifølgje prognosar frå SSB.

– Mange som tar humanistisk utdanning vil gå inn i skulen. Men slik utdanning tyder ikkje at ein er ubrukeleg for næringslivet. Bak humaniora finn vi alle språkfaga samt kulturkunnskap som er naudsynt også for næringslivet for å nå fram i ei globalisert verd. I Volda tar ca. halvparten av studentane våre lærarutdanningar som i denne samanheng må seiast å vere humanistiske fag.

Behov i Møre og Romsdal

Roppen syner også til at bodskapen frå Skogen Lund blir veldig feil i Møre og Romsdal som er eitt av fylka med minst del av folk med høgare utdanning.

– Generelt sett har vi mykje å gå på. Det at vi har studietilbod i fylket er kjempeviktig for å kunne gå i riktig retning.

Framskrivingar viser underskot av lærarar i mange år framover ikkje minst i vårt fylke. Stillingane blir dekt opp av folk som ikkje har høg nok utdanning – også fordi utdanningskrava til lærarane blir skrudd opp. Dei som tar lærarutdanning i Volda er trygge på å få jobb og dei er også etterspurde i næringslivet.

NHO ønskjer også betre lærarar. Dei må få argumentasjonen sin til å henge betre i hop, tilføyer han.

Åtte nye mastergradar

Høgskulen i Volda har i dag seks mastergradar. Frå hausten får dei åtte nye, pålagt av styresmaktene i samband med at lærarutdanning no blir utvida til eit løp på fem år.

Her vert det masterfag innan matte, norsk, engelsk, samfunnsfag og spesialpedagogikk innan utdanninga for 5.–10. klassetrinn. Master i matte, norsk og spesialpedagogikk for lærarutdanninga for 1.–7. klassetrinn.

Roppen seier det andre hovudområdet til Høgskulen i Volda er sosionom og barnevernspedagogar der dei har fått på plass ein doktorgrad som dekker det området.

– Det blir ikkje færre sosiale problem i samfunnet. Dei som tar sosialfag er også rimeleg sikre på å få seg jobb, seier han.

Innan mediefag har skulen 500 studentar.

Her er ein ny mastergrad retta mot utanlandske studentar under akkreditering: «Media Practices» som gjev utanlandske studentar høve til å ta ein heil grad ved Høgskulen i Volda.

– Det er større arbeidsløyse blant dei med bachelor enn dei med master, seier høgskulerektor Johann Roppen. Foto: Olav Standal tangen