Medan den totale sjømateksporten auka med formidable 23 prosent i fjor, gjekk det andre vegen med klippfisk, som er Ålesund sitt eksportprodukt nummer ein. Eksporten hadde ein verdi på 3,7 milliardar, eller 260 millionar mindre enn 2015. Den største svikten kjem på klippfisk av sei, der verdien vart redusert med 17 prosent.

– Det har vore eit utfordrande år for klippfisk, spesielt for dei som har Brasil som hovudmarknad, seier Inger-Marie Sperre, som er administrerande direktør ved Brødrene Sperre på Ellingsøy, og i tillegg styreleiar i bransjeorganisasjonen Sjømat Norge.

Brasil-svikt

Eksporten av klippfisk til Brasil har gått ned frå 907 millionar til 744 millionar, og norsk klippfisk taper marknadsdelar.

– Den drastiske reduksjonen handlar først og fremst om kjøpekrafta. Brasil har vore gjennom eit politisk og økonomisk kaos, og valutakursane har tapt seg mot dollar. Dermed har det blitt veldig dyrt for dei å kjøpe importerte varer, seier Inger-Marie Sperre.

Samstundes er det problem med å få handelen til å flyte.

– Brasil opererer med særreglar for import, og har eit omfattande regelverk som skaper vanskar for norske eksportørar. Vi opplever det slik at handhevinga av regelverket har blitt strengare. Det kan ta fire til seks månader å få avklart saker som frå norsk side vert oppfatta som bagatellmessige, til dømes å gå godkjent små endringar på emballasjen, seier Øystein Valanes, som er analytikar for marknadstilgang i Norges Sjømatråd.

Problema varte gjennom heile fjoråret.

– Dette går absolutt ut over eksporten, og skaper frustrasjon. Frå vår side vert det ei prioritert oppgåve framover å prøve å få løyse problema, saman med Mattilsynet og norske styresmakter. For næringa hastar det å få forutsigbare vilkår, seier Øystein Valanes i Sjømatrådet.

Portugal positiv

Klippfisknæringa trøystar seg med at eksporten til hovudmarknaden Portugal har gått på skinner. Portugisarane kjøpte norsk klippfisk for 1,5 milliardar kroner i fjor, ein auke på 10 prosent. Også saltfiskeksporten har auka.

–Portugal har gått veldig bra, og vi får vår del er nøgde med fjoråret, sjølv om vi gjerne skulle hatt betre betalt for fisken, seier Knut Haagensen i Brødrene Jangaard.

Les flere næringslivsnyheter på smp.no

For torskesektoren under eitt vart det eit rekordår, med ein samla eksport av kvitfisk på 13,8 milliardar, ein auke på seks prosent. Prisen til fiskar for torsk auka med 19 prosent.

– Fjoråret var fantastisk for norsk sjømat, men det er alltid ein men. Og det er at når råvareprisen vert for høg, er det ei stor utfordring for bedriftene som driv med bearbeiding. Dermed vert vi i større grad ein rein eksportør av råvarer, seier Inger-Marie Sperre, styreleiar i Sjømat Norge.

Adm. dir. Inger-Marie Sperre hos Brødrene Sperre AS er også styreleiar i bransjeorganisasjonen Sjømat Norge. Arkivfoto Foto: Staale Wattø