No er nordfjordingane lei:

Denne ferja vart kansellert 111 gonger i fjor

111 gonger vart ferjesambandet mellom Lote og Anda i Nordfjord kansellert i fjor, melder NRK.
Nyheter

74 skuldast teknisk svikt, 37 skuldast storm og uvêr, ifølgje oversikten NRK har fått av Fjord1. Ferjeselskapet meiner dette er akseptabelt.

– Regulariteten ligg på 99,6 prosent. Det er i ferjesamanheng ein svært god regularitet, seier regionleiar Tor Kristoffersen i Fjord1 til NRK.

Ifølgje NRK meiner mange at det har blitt fleire stengingar etter at MF Årdal tok over for bilferja MF Lote, men Fjord1 har ikkje gitt tal tilbake i tid som kan bekrefte eller avkrefte dette.

Ordførar i Gloppen, Leidulf Gloppestad, seier til statskanalen at både Gloppen og Eid kommune har bede Fjord1 om å ha betre beredskap med ekstraferjer i Nordfjord.