28 prosent av alle sakene til Konfliktrådet på Sunnmøre i fjor var valdssaker. Leiar Kjartan Skotte seier at når denne typen saker aukar så er det fordi politiet ser at dette er ein sakstype som kan egne seg godt i konfliktrådet.

Ofte vald i nære relasjonar

Han meiner handsaming i konfliktråd på denne måten førebyggjer nye valdsepisodar. I 2016 handsama Konfliktrådet på Sunnmøre 54 valdssaker, fem fleire enn året før. Dei omhandla alt frå uprovosert vald mellom ukjente til vald i nære relasjonar.

- I dei fleste sakene vi får kjenner offer og valdsutøvar kvarandre frå før. Det ligg ofte ei konflikt i botn frå før som eskalerer og endar med vald. Vi handterer saker ut ifrå ei tru om saka kan løysast dersom ein kan møtes ansikt til ansikt og får anledning til å snakke ut. Valdsutøvar står likevel til ansvar, og begge får rom til å forklare seg, seier Skotte.

Flest unge påklaga i konfliktrådet

Sidan juli 2014 kan ungdom mellom 15 og 18 år som har utøvd lovbrot og treng tett oppfølging over tid, verte dømd til ungdomsoppfølging eller ungdomsstraff. I 2016 fekk 9 ungdommar på Sunnmøre slik ungdomsoppfølging.

I alt blei 224 personar påklaga i Konfliktrådet i 2016. 51 kvinner og 173 menn. Flest i aldersgruppa 15-18 år (28 prosent), mens vaksne over 40 år er også sterkt representert (19 prosent av dei påklaga).