– Eg trur ikkje dei skal klage, svarer fiskebåtreiar Solveig Strand då ho vert spurd om kor mykje fiskarane i rederiet tente i fjor.

Både for ringnotbåten «Fiskeskjer» og for trålaren «Havbryn» vart fjoråret gullkanta.

– «Havbryn» fiska for pluss/minus 160 millionar, medan «Fiskeskjer» fiska for knappe 74 millionar. Når det gjeld bruttofangst har vi aldri hatt så høge tal før, seier Solveig Strand i Strand-rederiet i Ålesund.

Rekneskapa er ikkje klare, men Solveig Strand reknar med at årslotten på «Havbryn» er 1,7- 1,8 millionar kroner.

Fiskarane som har gått i normal skiftordning får utbetalt det halve, altså 800.000- 900.000 kroner.

– Det har vore 3–4 gode år på torsketrål, med stigande prisar, stabile kvotar og forholdsvis låge drivstoffutgifter. Men også ringnot gjer det godt, seier Solveig Strand.

Millionlott

I ringnot er det færre driftsdøgn, og alle er med på dei fleste turane.

– Årslotten ser ut til å bli på over 1,4 millionar kroner, seier Solveig Strand.

Også Havfisk, som er det største trålar-rederiet i Norge, hadde eit rekordår i fjor.

– Fangstinntektene våre har aldri vore så høge, og sidan fiskarane har eitt lottsystem så betyr det at dei aldri har hatt så høge utbetalingar, seier konsernsjef Webjørn Barstad.

– Så også i Havfisk er det snakk om på 800.000 til 900.000 kroner for fiskarane?

– Det varierer frå båt til båt, men i 2015 var gjennomsnittet nært 800.000. Med endå betre fjorår vert det nok ein stad mellom 800.000- 900.000 i snitt, seier Barstad.

Han unner fiskarane kvar ei krone.

– Mange har vore med lenge og også opplevd dårlege år, seier Webjørn Barstad.

Lønstoppen

Torsketrål har gått forbi ringnotgruppa når det gjeld lønsemd. Men på ringnot vert utbetalinga per mann større sidan det er mindre utskifting av mannskapet mellom turane.

– Det er ikkje uvanleg med årslottar som ligg godt over ein million kroner på ein ringnotbåt som også har kolmulekonsesjon, seier Gunnar Sævik i Skipsrekneskap i Herøy.

Nålauge

Sævik fører rekneskap for fleire av rederia i Herøy, og kan stadfeste at det er gode tider.

– Det har lenge vore slik at alle vil på ringnot, men no byrjar det også å bli svært attraktivt på torsketrål, seier Gunnar Sævik.

– Men er det muleg å få jobb på desse båtane?

– På grunn av strukturering vert det færre arbeidsplassar, og det er få som sluttar. Det er også mange som kjem tilbake frå supply og vil inn att i fiskeri. Så for dei som ikkje har fiskerierfaring er det vanskeleg. Då kan det vere større sjansar i sjarkfisket, som også har svinga seg opp. Men her er det sjeldan lottar på over 500.000 for ein som er vanleg fiskar, seier Gunnar Sævik.

Webjørn Barstad i Havfisk stadfestar at det er rift om jobbane.

– Vi er eit rederi med 340–350 tilsette, så det er alltids litt utskifting, men det er lange søkjarlister. Så den som skal kome seg inn må gjennom eit nålauge, seier Barstad.

Ringnotfiskarane er framleis dei som tener best. Arkivfoto Foto: svein aam