Håpet er å legge ein plan for å berge skulen, melder NRK Sogn og Fjordane. Kommunestyret i Vågsøy vedtok før jul at dei vil legge ned skulen på Bryggja. Denne veka er Eid og Selje blitt einige om intensjonsavtale om samanslåing. Mange på Bryggja har større tilknyting mot Eid enn Måløy, og når framtida til skulen er sett i spel, er kommunebyte blitt ekstra aktuelt.

– Det er på ein måte det siste vi har att i bygda. Tidlegare var det ei rekkje offentlege og private tilbod. Vi har ingenting å tape lenger om skulen ryk, seier leiar i bygdeutviklingslaget, Øystein Hessevik til kanalen.

Vågsøy-ordførar Kristin Maurstad som sjølv bur på Bryggja, ber folk tenkje over følgjene ved å skifte kommune.

SKULESTRID: Striden om skulen blir trekt inn i spørsmål om kva kommune Bryggja skal høyre til. Vågsøy-ordføraren folk i bygda tenkje over at det er kortare til Måløy enn til Nordfjordeid. Arkivfoto Foto: Torill Myren