Fylkesmannen:

– Må gjere ei vurdering av flodbølgjefaren

Fylkesmannen i Møre og Romsdal klagar på Stordal kommune sin dispensasjon til oppdrettsanlegg.

STORE OMRÅDE Mange bygder, tettstader og fjordarmer vert råka når flodbølgja frå Åknes-raset kjem.  Foto: ARKIV

Nyheter

Stordal kommune har gitt Fjordlaks Aqua dispensasjon til å etablere oppdrettsanlegg mellom Skjortneset og Vidhammer.

Fylkesmannen meiner mellom anna flodbølgjefaren ikkje er vurdert.

– Området det søkast om dispensasjon for ligg i Storfjorden, og er utsett for flodbølgje som følgje av fjellskred frå Åkneset og Hegguraksla. Det må derfor gjerast ei vurdering av flodbølgjefaren opp mot krava til tryggleik i byggteknisk forskrift. Dette er ikkje gjort, skriv Fylkesmannen i ei klage til Stordal kommune.

Fylkesmannen meiner kommunen ikkje kan gje dispensasjon til etablering av oppdrettsanlegg før det er avklart om området er tilstrekkeleg trygt.