– Endeleg er det lyse tider i vente! melder Stryn vinterski fredag. Det lavar ned, og ikkje berre i Stryn.

Ifølgje nettstaden fnugg.no er det nysnø på skianlegga på Nordvestlandet. Både Strandafjellet og Stryn opnar etter planen opp fleire trekk på laurdag. På Bjorli opnar dei heile anlegget med alle seks heiser.

Strandafjellet: – Opnar Eggatrekket

Bilde teke på torsdag på Strandafjellet. Foto: Bård Basberg

– Det blir ei fantastisk helg! Laurdag morgon opnar vi Eggatrekket, så dei som kjem til helga kan køyre i uspora snø, seier marknadssjef Eivind Nordeide på telefon frå Strandafjellet.

Dermed er heile Furset-sida ope, medan Roald-sida framleis er stengd.

– Det er ganske fin pudder. Det bles litt, så det er bra med pudder i skogen, medan det er litt meir avblåst på toppen, seier Nordeide, som har stor tru på årets sesong.

– Så langt er besøket dobla i forhold til same tid i fjor. Samstundes er det planlagt meir enn nokonsinne før denne sesongen, med arrangement som NM Masters, alperittet og nytt av året - ølfestival, ramsar han opp.

Fjellsetra

– Naturleg snøfall blanda med massiv snøproduksjon bergar sesongen på Fjellsetra. Ein tykk såle ligg no i barnetrekket, familietrekket og på t-trekket, og vi kan skilte med strålande forhold, melder Sunnmørsalpane på si nettside.

Bjorli opner alle heiser

– Værforhold for helga ser OK ut, og det er mykje snø og pudder, melder Bjorli skisenter.

– Heile anlegget med seks heiser og elleve nedfartar blir i morgon opna opp.

Dette bildet ble lagt ut torsdag. Foto: BJORLI SKISENTER

Sesongopning i Ørsta - ope i Volda

På Ørsta skisenter blir det sesongopning laurdag.

Då opnar barnetrekk og t-trekk til mast 7, med ein blanding av kunstsnø og natursnø i bakken, melder skisenteret.

Volda skisenter melder at familietrekket er ope.

- Vi har hatt flotte forhold heile veka, og familietrekket har hatt både kveldsope og ope no i helga, seier Askjell Våge, styremedlem i Volda skisenter.

Overøye: Mykje snø

Preparering av løypene i Stordalen på fredag. Foto: Overøye

Alle trekk og nedkøyringar er no opne i Stordalen.

– Status hos oss er mykje snø, +1 grad og lite vind, melder Stordal Alpinsenter på Overøye.

Stryn vinterski: Seint, men godt

Pudder Gode forhold for pudder i marka, melder Stryn vinterski. Foto: Geir Olav Roset

– No har vi masse snø og gode forhold, vil vi seie. Dei fleste nedfartene er opne og det er flotte forhold for laussnøkøyring i marka, seier Frode Briksdal frå Stryn vinterski.

Sesongen kom seint i gong i år, men når snøen først dukka opp, ser han lyst på sesongen.

– Viss forholda tillet det opnar vi øverste trekket i morgon. Då blir alt ope.

Harpefossen

20-30 centimeter med snø siste dagane, og enda meir oppe i fjellet. Denne veka har det vore kveldskøyring. Fredag, laurdag og søndag planlegg Harpefossen skisenter å ha ope i Enerskiheisen og Kjendalsheisen på Furehogane på dagtid, 10.30-16.30. Ein stenger nok Furehogane ca. 15.30 på grunn av lysforholda.

Hornindal skisenter

Hornindal skisenter er blant dei som har vore mest open denne sesongen. Dei har opent no i helga, og hadde to dagar med kveldskøyring denne veka. Tre dagar var dei open i jula, i tilegg til to dagar tidleg i desember.

– Det er kjempeflotte forhold, med om lag ein meter snø i terrenget. Anlegget er opent til topps, ca. 1500 meter med t-trekk. Nedfarta er 1650 meter, og det er flomlys heile strekka, opplyser skisenteret.

Foto: HORNINDAL SKISENTER