Folkemøte søndag kveld:

Bryggja-folket vil bryte ut av Vågsøy

Allereie komande veke vil Bryggja søkje om å få bli med i den nye Eid og Selje kommune.
Nyheter

Søndag var det folkemøte på Bryggja, bygda som i dag ligg lengst aust i Vågsøy kommune, på grensa til Eid og Vanylven.

115 personar, eit stort fleirtal av dei frammøtte, skreiv under på ei liste der dei krev at bygda bli flytta frå Vågsøy til den nye Eid og Selje kommune, ifølgje fjordabladet.no

Vil kome meir i sentrum

Det er skulesaka som no har sett sinna i kok på Bryggja. Fleirtalet av politikarane i Vågsøy vil legge ned skulen. Eit anna argument som er trekt fram er at Bryggja vil kome meir i sentrum i ein ny storkommune samansett av Eid og Selje.

Fleire fryktar at Bryggja vil bli meir utkant om Vågsøy slår seg saman med Flora.

(Teksten held fram under bildet)

Bygda Bryggja med utsikt til Hornelen   Foto: Torill Myren

 

Mindretalet fryktar for skulen uansett

Før helga skreiv Selje og Eid under intensjonsavtale om samanslåing.

Mindretalet på folkemøtet argumenterte ifølgje Fjordabladet med at skulen i bygda kan bli lagd ned også under Eid.

Den næraste offentlege skulen då er Stårheim.