Kaptein Rune Giskegjerde hadde testa det første av tre fartøy Brødrene Aa skal levere til skyssbåttrafikk i Møre og Romsdal då Sunnmørsposten møtte han i Hyen sist veke. Kapteinen frå Giske kjem med følgjande karakteristikk av båten før han blir sett i rutetrafikk, hovudsakleg mellom Hareid, Valderøya og Ålesund:

– Ein betre båt enn den han erstattar. Båten er rolegare i sjøen, støysvak, meir bekvem for passasjerane og har betre manøvreringseigenskapar. Det er eit moderne fartøy, ein god båt, seier han om den flunkande nye båten med plass til kring 200 passasjerar.

Leverer sin første nullutslippsbåt: Skal gå i Nærøyfjorden med null utslipp

Heilt ny flåte

Det er transportverksemda Boreal med hovudkontor i Hammerfest som er oppdragsgjevar. Verksemda har vunne ei tilbodsrunde for åtte år og overtek fire ruter i Møre og Romsdal i år. Dei nye båtane får profilen til fylkeskommunen sitt kollektivtilbod, Fram.

Ifølgje dagleg leiar Steinar Mathisen i Boreal Sjø har verksemda sju nybygg som er ferdigstilt eller under bygging.

Tre av dei er hjå Brødrene Aa. Den første av fem nye båtar som skal gå i passasjertrafikk i Møre og Romsdal, «Godøy», vart nyleg levert frå Oma Baatbyggeri i Hordaland.

– Vi kjem med ein heilt ny flåte med fartøy og rutene får same mannskap som tidlegare. Det skal bli minst like bra som tidlegare.

Døpte ny hurtigbåt: Se bildene fra nye MS Godøy

Planlegg nullutsleppsfartøy

Boreal tek over konsesjonen frå Norled. Dagleg leiar Tor Øyvin Aa hjå Brødrene Aa seier verksemda også har levert båtar til Norled i samband med rutetrafikk på Sunnmøre.

– Også i den flåten er mange av båtane ganske nye. Men utviklinga går framover heile tida. Ikkje minst er dei nye båtane meir driftsøkonomiske og langt meir miljøvennlege. Det er mindre støy og dei er meir komfortable, seier Aa. Det neste prosjektet no ligg an til å bli ein oppfølgjar av suksessen «Vision of The Fjords», kåra til «Ship of the year» i 2016. Planen er at den nye båten skal bli eit nullutsleppsfartøy som går på batteri.

Karbonfiber Ole Lien i karbonfiberskroget på båt nummer tre frå Brødrene Aa til trafikk i Møre og Romsdal.Båtane har to slike skrog bygd i karbonfiber. Båten skal leverast i andre kvartal.

– Vårt konkurransefortrinn er at vi byggjer båtane i karbonfiber, noko som gjev veldig lav vekt, og ein treng mindre motorkraft for å oppnå fart. Båtane har ei hastigheit på kring 30 knop.

Les fleire nyheiter frå Søre og Nordfjord på smp.no

Ifølgje Aa har Hyen-verksemda levert 60 prosent av alle hurtigbåtar til den norske marknaden dei siste ti åra.

– Dei fem siste åra har vi vore verdas største leverandør av hurtigbåtar med plass til 100–300 passasjerar.

Fem søsken og eit søskenbarn er inne på eigarsida. For om lag eitt år sidan kjøpte Hong-Kong-baserte Che Kong Shipping Enterprises 40 prosent av aksjane i driftsselskapet.

Parallelt med bygginga av båtane til Sunnmøre har verksemda bygd to store hurtigbåtar som skal gå i rute i Kina. Den første vart levert 15. desember. Den andre i løpet av januar.