– Eg vil tru at det blir innført pris i ei eller anna form på elbilar frå 1. mars på ferjene i Møre og Romsdal.

Det seier Kristin M. Sørheim, leiar av samferdselsutvalet i fylket.

Fylkestinget vedtok før jul å innføre nasjonal maksimaltakst for elbilar. Og dei nasjonale retningslinjene er at elbilar skal betale maks 50 prosent av vanlege køyretøy.

Men dei som har ferjekort eller verdikort har allereie 50 prosent rabatt.

Då er det ikkje nødvendig å gje rabatt på rabatten, meiner Sørheim.

– Gir vi 50 prosent på 50 prosent, nærmar vi oss prisen for personbillett, som er det sjåføren i elbilar betaler frå før, seier ho.

Tidlegast 1. mars

Rykte Sunnmørsposten har blitt gjort kjend med seier at det vil skje noko med elbil-takstane i Møre og Romsdal frå 1. februar. Det avviser Sørheim.

Samferdselssjef Arild Fuglseth synest saka er såpass vanskeleg at han vil sende saka tilbake til politikarane.

– Eg avventar signal frå politikarane, stadfester Fuglseth overfor Sunnmørsposten.

– Og vi har ikkje møte i samferdselsutvalet før 8. februar. Det tidlegaste blir då 1. mars, seier Kristin M. Sørheim.

Helst skulle ho visst korleis regjeringa meiner stortingsvedtaket skal tolkast. Men det ser ut til å la vente på seg.

– Helge Orten seier at det kan ta ei tid før ein får greidd ut dette. Så då får vi innføre 50 prosent så fort som berre det, og heller justere det sidan, seier Sørheim.

Strekker det så langt som muleg

– Dette betyr jo at fylket strekker det så langt de kan, korleis grunngjev du det?

– Det eine er at elbilar bruker like stor plass som andre bilar. Så er det eit inntektstap for oss som har store problem med å finansiere ferjedrifta i fylket. Og så slit vi med nok ferjekapasitet på fleire samband.

– Men skal det ikkje løne seg å ha elbil?

Sørheim meiner dette først og fremst er staten sitt ansvar.

– Eg tenker det er gjennom avgifter ved kjøp av bil at det skal løne seg med elbil. Og det er gunstig å bruke elbil likevel, meiner Sørheim.