Butikkane på Amfi Ørsta, som er det største kjøpesenteret på søre Sunnmøre, omsette for nesten 387 millionar kroner i 2016. Dette er fire prosent betre enn året før, og ny rekord, skriv Møre-Nytt. Senterleiar Peder Lid seier at målet var ein auke på fem prosent, men han er likevel nøgd.

– I desse ulvetider med auka arbeidsløyse også på våre kantar skal vi vere glade for auke. det er ikkje alle kjøpesenter som kan vise til det, seier Peder Lid til avisa.

Han trur veksten held fram.

– Men veksten blir nok ikkje så bratt som før, seier senterleiaren.

Før jul inngjekk kommunen og senteret ein avtale som gjer at Amfi kan utvide.

– Det er stor interesse for å etablere seg på Amfi i Ørsta, og fleire av dei eksisterande butikkane vil ha meir areal, seier Lid.