På riksvegferjene i fylket blir det gratis med elbil også i 2017. Sjåføren må berre betale passasjerbillett.

På alle dei andre rundt 20 ferjene på Sunnmøre må elbilar truleg betale vanleg pris når betalinga skjer med verdikort eller ferjekort. Det er venta at endringa skjer frå 1. mars.

Dermed er det i praksis svært få elbilar som får nyte godt av rabatten for elbilar. Er dette innanfor det som var Stortingets intensjon då dei før jul vedtok nye nasjonale retningslinjer?

Fylkestinget har nemleg vedtatt å innføre maksimaltakst for elbilar. Det vil seie at elbilar skal betale maks 50 prosent av vanlege køyretøy. Men dei som har ferjekort eller verdikort har allereie 50 prosent rabatt.

Strekker det så lengst mogleg

Då er det ikkje nødvendig å gje rabatt på rabatten, meiner Kristin M. Sørheim, som er leiar av leiar av samferdselsutvalet i fylket.

Sørheim innrømmer at dei strekker det så langt dei kan, men meiner fylket er gode grunnar:

– Det eine er at elbilar bruker like stor plass som andre bilar. Så er det eit inntektstap for oss som har store problem med å finansiere ferjedrifta i fylket. Og så slit vi med nok ferjekapasitet på fleire samband, sa Sørheim til smp.no onsdag.

Helge Orten (H): – Heilt ok

Men meiner Stortinget at dette er ei rimeleg tolking av vedtaket som dei gjorde rett før jul?

Helge Orten (H) på Mørebenken er medlem i transport- og kommunikasjonskomiteen:

– Departementet vil sjå på konsekvensane av vedtaket, dette er noko departementet vil gripe fatt i no på nyåret. Men det er ikkje noko i vegen for at fylkeskommunen skulle gjennomføre dette viss dei ønskjer.

Helge Orten (H).

– Dette er ei fortolking av det som Stortinget har vedteke som er rimeleg, det syns eg absolutt, seier Orten.

– Så vedtaket som fylket truleg vil gjere er innanfor det som du vil seie er lovgjevars intensjon?

– Dette er innanfor det som er intensjonen, så vidt eg kan bedømme, seier Orten.

– Så får vi heller sjå kva som skjer når departementet har vurdert konsekvensane, legg han til.

Vil ha det likt på sikt

Men då blir det altså to elbiltakstar: Ein på riksvegferjene, det vil seie Volda–Folkestad, Solevåg–Festøy og Molde–Vestnes.

Og «full pris» på alle dei andre ferjene i fylket.

Helge Orten trur folk kanskje vil reagere på dette, og reknar med at det regelverket blir likt før eller sidan, utan at han kan seie når dette vil skje.

– Det vil kanskje opplevast litt rart at det er forskjellige takstar. Det vil vere behov å samordne dette på eit eller anna tidspunkt, slik at vi får eit så likt regelverk som mogleg, seier Helge Orten.