– Vi jobbar hardt for å få starte opp anlegget viss det blir snø, seier Marianne Lied Sæter som er leiar i det nokså nystarta Ørskogfjell Skilag.

På dagtid torsdag var det ikkje forhold til å opne anlegget, men både torsdag og fredag er det meldt snø på fjellet.

Tekniske problem

Eldsjelene som står bak skilaget som skal berge Ørskogfjell skisenter, har stått på for å gjere anlegget klart til opning.

– Vi har litt tekniske problem. Det er eit eldre anlegg, og vi har utfordringar med trakkemaskiner, seier Sæter.

T-krokheisen og skibandet er i orden og klart til bruk. Hovudtraseen med det største skitrekket er derimot ikkje klart, sidan fleire pålegg må rettast før trekket kan takast i bruk.

Vil overta anlegget i år

I første omgang leiger dei skitrekket av kommunen.

– Vi inngår leigeavtale med intensjon om å overta anlegget i 2017, seier Sæter.

Skryter av dugnadsinnsatsen

Sæter skryter av dugnadsgjengen som i to månader har stått på for å få drift i skianlegget.

Skal få overskot

Laget vil ta over skisenteret utan gjeld. Noko anna er uaktuelt.

– Vi ønskjer å drive med overskot, og det kan vi få til med veldig nøktern drift. Med stram økonomistyring har vi god tru på at vi skal få det til å gå rundt, seier Sæter.

Skilaget satsar på familietilbod, til familievennlege prisar, men vil også sikre eit tilbod til folk som ønskjer seg til topps i skianlegget.