Seint laurdag kveld hamna ein bil i autovernet på fylkesveg 61, mellom Åheim og Fiskå.

Naudetatane vart sendt til staden og føraren undersøkt av helsepersonell, men viste seg ifølgje politiet å ha kome frå hendinga uskadd.

Det var bilberging på staden og manuell dirigering av trafikk ei stund etter hendinga.