Då Ingrid Finsådal frå Vest-Telemark fekk jobb som sokneprest i Austefjord og Kilsfjord hausten 2016, vart ho den sjuande presten i Søre Sunnmøre prosti som er under 36 år. Tidlegare i 2016 vart Jørgen Skogestad Kleiven (26) frå Østfold tilsett som kapellan i Ulstein sokn, og i løpet av dei siste åra har snittalderen på prestane på Søre Sunnmøre gått veldig ned.

Tendens

– Det er kjekt å sjå denne tendensen her hos oss, i ei tid der ein mange andre stader slit med presterekrutteringa. Statistikk presentert av Vårt Land viser at Møre bispedømme har ein høgare prosentdel prestar mellom 30 og 40 år enn resten av landet, seier Kristian Myklebust (31), som er sokneprest i Volda og Dalsfjord sokn.

Han tok del i ordinasjonen av Ingrid Finsådal søndag, og til stades i kyrkja var også tre av dei andre unge prestane på Søre:

Jørgen Skogestad Kleiven (26) – kapellan i Ulstein sokn, Arne Moltubak (35) – sokneprest i Ørsta, og Espen Aarseth (35) – sokneprest i Hjørundfjord sokn. Ruth Eva Solli (30) – sokneprest på Vartdal, og Knut Magne Dalsbø (35) – sokneprest i Indre Herøy og Leikanger sokn, kunne ikkje ta del i høgtida i Volda kyrkje søndag.

Tilknyting

Dei fem Søre-prestane Sunnmørsposten snakka med, trur det er litt tilfeldig at så mange prestar i sin første del av yrkesløpet har hamna akkurat på Søre Sunnmøre.

Men fleire av dei har tilknyting til området: Kristian Myklebust er frå Ørsta og han er gift med Ruth Eva Solli som er prest på Vartdal. Ingrid Finsådal har slekt i Volda, Jørgen Skogestad Kleiven har svigermor frå Folkestad, og Espen Aarseth er gift med ei dame frå Ørsta. Arne Moltubak er frå Molde, men har slekt og sommarhus på Moltustranda i Herøy.

– At det er eit ungt miljø her i Søre Sunnmøre prosti, trekte ein del då eg søkte jobben. Eg hadde dessutan ein svært fin praksisperiode i Ørsta, fortel Ingrid Finsådal.

Kristian Myklebust dreg fram at Møre bispedøme har vore flinke til å leggje til rette for sommarvikarar, og at det kan gjere at nyutdanna prestar får kjennskap til området og får lyst til å flytte hit.

Mangfald

Dei fem kollegaene synest det er godt å vite at det er andre unge prestar i prostiet, og dei fortel at dei finn mykje støtte, inspirasjon og utfordring i kvarandre.

– Men det er bra at vi også har eldre kollegaer med lang og ulik erfaring. Mangfald er bra, synest Jørgen Skogestad Kleiven.

På spørsmål om det er nokon bakdel med så mange unge prestar i same prosti, kjem eit kontant nei frå forsamlinga.

– Om alle vi sju hadde vore like prestar, så kunne det ha vore negativt. Men det er vi ikkje, heldigvis, seier Espen Aarseth.

Både han og dei fire andre håper at unge prestar fører til meir unge folk i kyrkjelyden.

– Eg trur at når presten er ung og har familie og små barn, så kan det vere lettare for andre unge å vere med på kyrkjelege aktivitetar. Vi som er unge prestar ønskjer å bidra til at nye generasjonar kan kjenne seg heime i kyrkja, forklarer Aarseth.

Presteteneste

Det var biskop Ingeborg Midttømme som stod for den høgtidelege ordineringa av Ingrid Finsådal søndag. Med handspålegging og bøn vart 26-åringen vigsla til prest.

– Vi er mange som er glade for at kyrkja vår får ein ny prest, og at du vil utføre tenesta di her hos oss. Kjære Ingrid, ver frimodig og raus med nåden sine midlar, så menneske kan erfare Guds nærvær, og vi får meir himmel på jord, sa biskopen i talen sin til ordinanden.

Biskop Ingeborg Midttømme og dei andre involverte i gudstenesta og ordinasjonen, legg hendene på hovudet til ordinand Ingrid Finsådal. Foto: Svein Olav Humberset
Det var biskop Ingeborg Midttømme (t.h.) som stod for ordinasjonen av Ingrid Finsådal (t.v.) i Volda kyrkje. – Presteteneste er å leie menneske dit dei kan sjå Guds ansikt, sa biskopen. Foto: Svein Olav Humberset