Frostating lagmannsrett meiner jegeren har feilvurdert, men at han ikkje skal sone i fengsel.

Jegeren i 20-åra blei i Romsdal tingrett dømd til fengsel i 30 dagar for brot på dyrevelferdlova, men han anka saka til lagmannsretten.

Fleirtalet av dommarane i Frostating lagmannsrett meiner det blir feil at mannen skal måtte sone i fengsel og han er dømt til fengsel på vilkår i 30 dagar, med to år prøvetid. Han må også betale 1500 kroner i sakskostnader for tingretten, men slepp å betale for lagmannsretten.

Tilsynelatande livlaus

Den tiltalte jegeren har tilstått dei faktiske forholda.

Katten skulle avlivast fordi han ikkje lenger var husrein. Jegeren såg at skotet traff, men katten sprang mot eit skogholt og søkte tilflukt under eit tre.

Jegeren følgde etter for å sjå om katten var død, og der låg katten tilsynelatande livlaus. Katten låg slik til at jegeren ikkje klarte å få tak i han, men rørte borti med geværpipa, utan at han såg teikn til liv.

Tiltalte vurderte det slik at katten var død, og han lot han bli liggande.

Avslørt etter bilde på sosiale media

Eit par veker etter avlivingsforsøktet blei katten observert skada og teken med til organisasjonen Kattens vern Molde. Røntgenbilde viste at katten hadde store skadar, og lagmannsretten legg til grunn at han også hadde til dels store smerter.

Kattens vern Molde la ut bilde av katten på sosiale media. Dette bildet blei også kjent for tiltalte, som kjende igjen katten og tok kontakt med politiet.

Organisasjonen har kommentert dommen på Facebook-sida si. Der går det fram at dei ikkje er einig i dommen, men meiner det burde vore gitt bot og at jegeren skulle ha mista jaktlisensen nokre år.

– Men vi får vel prise oss lukkeleg for at saka i det heile teke blei køyrt i retten, skriv organisasjonen som også håpar at dette har medverka til å informere om at dette ikkje er måten å avlive dyr på i 2017.

Meiner han handla i god tru

I dommen går det fram at lova opnar for avliving av katt ved bruk av hagle, av våpenkyndig person, og tiltalte blir i dommen omtalt som ein allminneleg erfaren jeger.

Lagmannsretten meiner tiltalte har gjort seg skuldig i feilvurdering. Det mest alvorlege var at han ikkje forsikra seg om at katten var under kontroll og var i ro då han løsna første skotet. Og han skulle ha undersøkt meir for å forsikre seg om at katten var død. Retten meiner likevel at han handla i god tru.

Dommen er avsagt med dissens, og ein av dommarane meiner jegeren klandrast sterkt for fleire forhold. Denne dommaren ville setje straffa til 30 dagar, og at jegeren skulle sone halvparten av tida i fengsel.