Søndag var dagen «alle» på Sunnmøre skulle på ski. Det fekk dei merke på Strandafjellet. Det har aldri før vore så mange folk på ein dag i januar.

– Eg har aldri opplevd maken i januar. Vi hadde rundt 2.500 besøkande her, seier dagleg leiar Stian Græsdal ved Strandafjellet Skisenter.

Årsaka er naturleg. Etter veker med gråvêr kom nysnøen i store mengder. Så kom endeleg finvêret også.

– Det kom 55 centimeter nysnø på eitt døgn frå fredag til laurdag helga, seier Græsdal.

Dermed opna også Roaldsheisa, og sesongen er skikkeleg i gang.

Roaldsheisa: Roaldsheisa er opna, og det betyr at sesongen er i gang for alvor på Strandafjellet. Foto: svein aam

Roleg dag

Måndag var det rolegare, men pensjonistar, studentar og ein og annan med fleksibel arbeidstidsordning kunne kose seg i og utanfor bakkane.

– Søndag og måndag har vore dei beste dagane i år, seier Asbjørn Langlo frå Stranda.

Han har sesongkort og nyttar sjansen når han kan.

– Det må gjerne kome meir snø. Det er framleis litt lite her, seier Langlo.

Motbakke: Hallvard og Bodil Fiskerstrand gjekk opp trekktraseen for eiga maskin. Foto: svein aam

På veg oppover på telemarksski kom ekteparet Hallvard og Bodil Fiskerstrand.

– Vi går oppover så lenge det er sol, sa dei to motbakkeslitarane.

Fleire skisenter slik økonomisk: Strandafjellet har godt besøk - men det er framleis vanskeleg å seie når dei vil gå i pluss.

Første tur

I eit brattheng stod Hilde Sveen og dottera Sigrid Saunes Sveen. (5)

– Dette er første turen hennar heilt frå toppen. Målet er å kome seg heilskinna ned, sa Sigrid Sveen, som kanskje angra litt på prosjektet der og då.

– Synest du det er bratt?, spurde  Sunnmørsposten femåringen Sigrid.

Ho svara med å riste energisk på hovudet.

Mildvêr

Men kor lenge var Adam i pudderparadis? Midt på dagen skya det til, og det ser ut til at vêrvarslinga held det som er lova: nemleg meir nedbør, og så høge temperaturar at det kjem som regn høgt til fjellet.

Det tar dei ikkje så tungt på Strandafjellet.

Lange køer på Magerholm ferjekai i Ålesund, søndag formiddag. Foto: Øyvind Aasebø