Statens vegvesen har hatt kontroll på Kjøs i Hornindal. Og: Under kontrollen vart det avdekka at ein av sjåførane som vart stoppa hadde brukt magnet for å manipulere fartsskrivaren, heiter det. Som følgje av dette er vedkommande meld til politiet for brot på køyre- og kviletida.

Under den same kontrollen vart ein sjåfør som mangla fire vinterdekk, bøtelagt for dette. Ytterlegare fire sjåførar fekk bruksforbod fordi dei hadde gjenstandar i frontruta som var til hinder for sikta.