Men om det blir satsa på ei kai her, så er reiselivssjefen krystallklar på at Valldal ikkje må basere seg på å bli ei vanleg avlastningskai for Geiranger:

Har potensial

Og han streka under at Valldal og nærområdet utvilsamt har eit potensial.

– Men kanskje bør ein satse på mindre skip, og på andre sesongar enn det som er vanleg i dag. Og ein bør også bygge sin eigen destinasjon, og satse på lokale aktivitetar og opplevingar, la reiselivssjefen til – og peikte på lokale spesialitetar som frukt, bær og lokalmat- og drikke.

Verdsarvfjord

– Og då kan ein sende turistane også til Norddal, Eidsdal og Tafjord. For Tafjorden er jo ein verdsarvfjord som omtrent ikkje er teken i bruk i dag, sa Geir Steinar Vik.

Han fortalde at Destinasjon Ålesund og Sunnmøre har heilårsturisme som satsingsområde, spesielt vinteren, og det gjeld for heile Sunnmøre.