Berre kort tid etter at bedrifta avslutta arbeidet med sitt største oppdrag nokon sinne, er Brimer i gang med ein ny stor jobb. Kontrakten er med ålesundselskapet Artec Aqua, som skal levere eit landbasert anlegg for lakserogn til Salmobreed Salten i Nordland.

Viktig kontrakt

Brimer har nær 50 tilsette og produserer tankar, vassbasseng og siloer av glasfiberarmert plast.

– Dette er ei svært betydeleg strategisk kontrakt. Arbeidet på Kvamsøy er allereie sett i gang, og vil gi betydeleg aktivitet i fabrikken i tida framover, seier direktør Håvard Haanes i Brimer i ei pressemelding.

Bedrifta opplyser ikkje eksakt verdi på kontrakten, men salssjef for oppdrett, Dag A. Davik, opplyser at det dreiar seg om eit tosifra millionbeløp. Omsetnaden dei siste åra har vore på kring 80 millionar.

Satsar på oppdrett

Davik seier at dei har ein sterk posisjon i marknaden for vann- og avløp, men at dei siste oppdraga viser ei ny retning.

– Det er i oppdrett vi ser dei store mogelegheitene framover, seier han og viser til utviklinga med meir landbaserte anlegg.

Brimer skal levere 16 oppdrettskar med eit samla volum på kring 8000 kubikkmeter og 21 luftingseiningar i fiberarmert plast. Alt er designa og laga på Sunnmøre og skal leverast i løpet av året. Anlegget ved Kobbelv nord for Fauske, er det største Artec Aqua har sikra seg med ein kontraktsverdi på 330 millionar kroner.

Nye investorar

Brimer har vore gjennom ei omorganisering dei siste åra. Håvard Haanes blei tilsett som leiar av bedrifta i fjor, etter at gründeren Jarle Støylen bad om avløysing etter 40 år.

Nye investorar er òg blitt med på laget. I tillegg til Støylen sitt eigedomsselskap, eigar no Midvest AS og Spilka International AS høvesvis 33 og 22 prosent av aksjane. Støylen sitt framleis i styret i selskapet, der han i haust fekk med seg Jogeir Romestrand som ny styreleiar.