I si prosedyre i Søre Sunnmøre tingrett trakk aktor, politiadvokat Lena Romestrand, fram dei tekniske bevisa i saka. Det ho meiner veg tyngst er DNA og fingeravtrykk som knyter dei tiltalte til funnet av 237 gram kokain under ei seng i eit hus i Ørsta.

Kokain i Ålesund

Det er også funne kokain i Ålesund, som med stor sannsynlegheit stammar frå same partiet med kokain, ifølge tekniske undersøkingar. I Ålesund vart det også gjort andre funn og observasjonar som knyter hovudtiltalte, ein albanar busett i Ørsta, til kokainen.

Lite samarbeidsvillig

I skjerpande retning la ho vekt på at mannen har vore lite samarbeidsvillig under etterforskinga. I tillegg til oppbeva

ring og sal av kokain er mannen tiltalt for å ha brukt falske pass og førarkort.

– Mannen har opphalde seg i Norge ulovleg i fire år, sa aktor.

Beslag Politiet fann 237 gram kokain.

Under senga

Under senga i huset der mannen bur vart det funne tre pakkar kokain, med DNA frå husverten på den eine pakken.

– Dette kan ha blitt påført då senga vart bore inn, og så har DNA smitta over på pakken, meinte forsvararen, Stein Ottesen. Han støtta seg at den sakkunnige ikkje kunne sjå vekk frå at slik smitte er muleg.

Kritisk til etterforsking

Ottesen kom også med fleire spark til politiet si etterforsking. Han meiner politiet ikkje har følgt opp spor som kunne tale til tiltalte sin fordel.

Hovudtiltalte vart observert av politiet i Ålesund då han plukka opp ein person med bil, køyrde til bustaden til ei kvinne, som var tilknytta narkomiljøet i byen. Då politiet greip inn vart det funne kokain på begge mennene, og seinare heime hos kvinna. Kvinna er no død, men mannen som var saman med tiltalte vitna i retten.

Fingeravtrykk

– Eg har fått råd frå forsvararen min om ikkje å seie noko, fordi det kan skade mi eiga sak, sa mannen, som er busett i Ålesundsområdet.

Aktor påpeika at det alt er ein rettskraftig dom i hans sak, men det hjelpte ikkje så mykje.

– Eg hugsar ingenting frå denne dagen, sa vitnet.

Han vart konfrontert med at han hadde tatt ut 7.900 kroner frå ein minibank rett før han møtte hovudtiltalte.

Gamblingproblem

– Eg har hatt eit stort gamblingproblem, og spelte vekk ein million kroner frå september til desember. For meg er 7.900 ein småsum, og eg veit ikkje kva eg brukte pengane til, sa mannen.

Den andre tiltalte var på besøk hos hovudtiltalte. Dei reiste saman til Ålesund, men skilde lag før den påståtte narkotikahandelen. Kokainen vart funne under senga han brukte. På plastemballasjen til eine pakken var hans DNA, og på ein annan var fingeravtrykket.

Ikkje bevis nok

– Men dette kan ha blitt påført plasten før den vart brukt til emballasje. Eit slikt teknisk bevis er ikkje nok til domfelling. Her er ingen andre bevis, mannen har berre sove i senga, sa forsvarar Martin Dyb.

Aktor på si side kravde fengsel i eitt år og tre månader for denne tiltalte.

Stein Ottesen (t.v.) og Martin Dyb i Søre Sunnmøre tingrett. Foto: Svein Aam