Onsdag var det seminar på rådhuset i Valldal der temaet var «Valldal – ny miljøhamn for verdsarvområdet?»

Arrangere neste år

– Men vi vil jobbe vidare med planane. På seminaret var det fleire som gav uttrykk for at vi bør arrangere eit slikt seminar også neste år. Men vi har jo tenkt å arbeide med saka også i mellomtida, seier Sandnes.

Norddal kommune arrangerte seminaret i samarbeid med Destinasjon Ålesund og Sunnmøre og Fjordhagen AS.

Landstraum

Landstraum til skipa er eit stikkord for ei slik miljøhamn. Bergen havn har allereie begynt å tilby landstraum, men berre for offshore og frå april også Hurtigruten. Og prosjektleiar Even Husby i Bergen og omland havnevesen sa at det er snakk om store investeringar – minst 130 millionar kroner.

Samtidig la han til at i dag er det ikkje mange skip som er rigga for å ta i bruk landstraum.

I tillegg til nokre hurtigruter og mindre skip, er det faktisk ikkje meir enn tre cruiseskip med til saman 15 anløp i Bergen i år som kan nytte seg av landstraum.

Miljøhamn?

Kaiprosjektet i Valldal har fått namnet «miljøhamn». Men Knut Slinning, eigar av Juvet Landskapshotell i Valldal, er skeptisk til om det er nokon stor miljøgevinst:

– Eg er litt i stuss på omgrepet miljøhamn. Cruisenæringa er ein miljøversting, både når det gjeld utslepp og når det gjeld ferdsel på land, meiner Slinning.

Ikkje har han noko tru på at mindre skip skal ha nokon betydning, heller:

– I dag er det dei minste skipa som forureinar mest, fordi dette er dei eldste skipa. Og når det gjeld masseturisme er det ikkje det Valldal treng, seier Knut Slinning.

Fleire fastbuande

Det Valldal og nabobygdene treng er iallfall arbeidsplassar og fleire fastbuande.

Ordførar Arne Sandnes trur at ei miljøhamn kan vere med på å skape arbeidsplassar. Men billig blir det ikkje.

– Det er snakk om ei stad mellom 100 og 150 millionar kroner. Det har ikkje Norddal kommune, og difor må Staten på banen, seier Sandnes.