– Eg trur ikkje eg har sett Follestaddalselva så stor nokon gong, seier vegvaktar Jan Even Myklebust i Vegdekke.

Vegdekke har ansvaret for vegvedlikehaldet i Ørsta, og Myklebust rykka ut til Follestaddalen i dag tidleg.

– Vatnet har runne over vegen nokre stader og ført med seg lausmasse som må fjernast. Men førebels har eg ikkje høyrt om store skader på vegane her, seier Myklebust.

Innsjøar

Markane i den flate Follestaddalen såg ut som innsjøar i dag tidleg, men hovudvegane er køyrbare.

Også i Åmdalen er det vått, og vasstanden i Vatnevatnet er svært høg. I Bondalen har elva gått over breiddene ved Rekkedal, men det såg ikkje ut til å vere store skader.

Og det ser ut til at toppen er nådd.

– No minkar elvane, seier Jan Even Myklebust.

Har gått bra

Teknisk vakt i Ørsta og Volda har ikkje fått meldingar om alvorlege flaumskader.

– Det har vore nokre tette slukar, og ein del overvatn ulike stadar. Men no er vatnet på sterk retur, seier Eldar Øye, som er beredskapsansvarleg i Ørsta Kommune.

Den offisielle målestasjonen på Eitrefjell , på toppen av Bondalseidet, har registrert 77,7 mm nedbør siste døgnet. I tillegg har det vore snøsmelting. Men då det regna som verst torsdag var temperaturen så låg at snømeltinga vart litt avgrensa.

Frå Follestaddalen i Ørsta fredag formiddag. Foto: svein aam