Det er ordførar Arne Sandnes (Sp) i Norddal som i ein kronikk i Sunnmørsposten i dag kjem med eit slik spørsmål.

– Eg vågar påstanden at husdyrhaldet i delar av Stranda og Norddal kommune er noko av det mest lønsame i Norge. Kanskje til og med meir lønsamt enn industrilandbruket på Jæren og langs Mjøsa, viss ein tek med heile verdiskapinga, legg Sandnes til.

Han seier det er brei einigheit om at husdyrhaldet må styrkast i området, fordi dei fekk verdsarvstatus nettopp fordi dette var eit levande samfunn. No kan det i staden gro att.

– Då risikerer vi å miste verdsarvstatusen, seier Sandnes til avisa.

Han meiner bygdene på indre Sunnmøre er eit mini-Sveits, men då må det vedtakast ein politikk der krøtterhald igjen blir ei lønsam næring.

Rimeleg krav

Og han utdjupar dette:

– Dersom Staten vil ta heile rekninga er jo det best. Viss ikkje, er det rimeleg at dei som kjem til området vårt som turistar også betalar litt for det dei får sjå og oppleve.

– I innlegget brukar du ordet bompengar. Korleis vil du krevje inn desse pengane?

– Det har eg ikkje noko svar på no. Eg vil berre få i gang ein diskusjon. Men vi må iallfall ikkje innføre ei ordning der dei som bur her fast må betale avgift, svarer ordføraren.

Ove Skylstad, reiselivssjef i Destinasjon Geiranger-Trollstigen, seier dette er ein diskusjon dei også har hatt internt.

– Men då må det også vere klart kva avgifta skal gå til. Det kan ikkje finansiere alt mogeleg. Vi har også diskutert ei frivillig avgift som mellom anna kunne gå til drift av turistkontoret, seier Skylstad.

Han legg til at i Tyskland, Austerrike og Sveits er det lagt inn ei turistavgift på all overnatting, pengar som går til fellesgode.

Vanskeleg å få til

Sindre Mjelva, sjef ved Hotel Union i Geiranger, er ikkje imot Sandnes sin idé om ei avgift, men trur det er politisk umogleg å få til.

– Vi har fått vurdert ei omvendt parkeringsavgift: Jo lengre du er i bygda, jo mindre betalar du i avgift, fordi vi då reknar med at turisten legg igjen meir pengar i bygda. Men konklusjonen var at dette var vanskeleg å få godkjend.

Sindre Mjelva, sjef ved Hotel Union i Geiranger, er ikkje imot Sandnes sin idé om ei avgift, men trur det er vanskeleg å få gjennomført. Foto: Eskild Flydal