Fredag går varetektsfengslinga ut for dei tre som er sikta. Politiadvokat Magnus Engh Juel ved Vest politidistrikt seier til smp.no at han reknar med fire nye veker i varetektsfengsel for alle tre.

Alle dei tre sikta er involvert i drifta av Selje hotell. Den eine er dagleg leiar. Dei er sikta for forsikringsbedrageri og for særleg grovt skadeverk. Strafferamma for særleg grovt skadeverk er 15 års fengsel.

I løpet av dei siste fire vekene har det kome fram fleire nye opplysningar.

– Kan det bli snakk om å utvide siktinga?

– Siktinga her og no er ikkje utvida, svarer politiadvokat Magnus Engh Juel.

Vitne meiner at brannalarmen var slått av og at branndørene var opne før brannen oppstod. Også kvitvasking av pengar er eit tema i etterforskinga, ifølgje Fjordenes Tidende.

– Vi planlegg oppfølgingsavhør av dei sikta, i samarbeid med Kripos, truleg i neste veke. Så lenge dette ikkje er gjennomført, ønskjer eg ikkje å uttale meg meir konkret av omsyn til etterforskinga, seier politiadvokat Magnus Engh Juel.

Han har samtidig forståing for at dette er ei straffesak som har særleg offentleg interesse. Politiadvokaten vurderer derfor å gje fleire opplysningar etter at avhøyra er gjennomført.