-Vi har designa moderne Afrika-inspirerte klær som vi trur kan slå an mellom afrikansk ungdom, seier 9- -klassingane Sara Malene Holmen, Julie Marie Bondevik og Mariann Øye etter at dei har fått att pusten etter ei moteoppvisning på catwalken. Det gjorde dei framføre ei stor forsamling av foreldre, besteforeldre og søsken i amfiet til Møre Ungdomsskule.

Inntekt til misjonen

Misjonstivoliet er eit årleg arrangement til inntekt for misjonen. Denne gongen går inntektene til Wycliffe bibelmisjon (ekstern lenke)  sitt arbeid i det Vest-Afrikanske landet Senegal. Organisasjonen oversetter bibelen til lokale språk rundt om i heile verda i tett samarbeid med dei lokale kyrkjene.

For å sette seg inn i forholda for land og folk har elevane arbeidd i grupper gjennom heile forrige veke. Dei har hatt besøk av Agnes Lid, som er leiaren for Wycliffe Norge. Gruppene har hatt ulike tilnærmingsmåtar, som til dømes drama, dans, film, web-journalistikk, kunst og kultur, mat, skriveverkstad og eit prosjekt med fundraising.

Sjå frå førebuingane HER

Entusiasme

Ifølgje 10. klassingane Johannes Nilsen og Sondre Grødal har elevane vist stor entusiasme og engasjement gjennom å arbeide med læring på altarnative måtar. I tillegg har elevane gjennomført ein arbeidsdag sist fredag, der dei tente pengar til prosjektet.

Resultatet av førebuingane vart eit familievennleg tivoli med balltriksing, bowling, ansiktsmaling, lykkehjul, godterigjetting, luftgevær, fiskedam, sykkelløype, popcorn og sukkerspinn, for ånemne noko. Alle aktivitetane blei betalt med eigen Senegalesisk valuta som kunne vekslast inn i eigne valutaboder.

Pengar frå auksjon

Ein kunstauksjon med 30 bilete som elevar sjølve hadde laga, vart selt på auksjo. Inntektene blei ikkje mindre enn 8.100 kroner for alle bileta på veggen. Einskilde av bileta vart seld for 2.000 kroner!

-Vi ville ha fram kontrastar i kulturen, seier Marte Sofie Eklund Blindheim og Maria Åkernes, og er godt nøgde med inntektene for bileta.

Bibeloversetjing

Bibelmisjon Gunnhild Roaldsnes Bremer representerte Wicliffe under Misjonstivoliet på Møre Ungdomsskule. Foto: Nils Harald Ånstad

Gunnhild Roaldsnes Bremer representerte Wicliffe under Misjonstivoliet, og ho fortalde også om verksemda til organisasjonen ho har vore tilsett i. Ho har vore bibeloversetjar i Etiopia.

-Dette er eit utrolig bra arrangement. Det har vore artig å sjå korleis det har arbeidd med temaet. Her er mykje kreativitet, seier Gunnhild Roaldsnes, som legg til at bibelen er verdas mest leste bok, som også må bli gjort tilgjengeleg for alle.

-Ho fortel om Guds kjærleik til alle folk, seier representanten for Wicliffe bibelmisjon.

Sara Malene Holmen, Mariann Øye og Julie Marie Bondevik hadde designe sine eigne Afrika-moter. Foto: Nils Harald Ånstad
Gunnhild Roaldsnes Bremer representerte Wicliffe under Misjonstivoliet på Møre Ungdomsskule. Foto: Nils Harald Ånstad