Utelukkar ikkje samanslåing mellom Stryn og Stranda:

Stryn-ordføraren held døra open for Møre

Stryn-ordførar Sven Flo (H) meiner mangel på klare svar i regionreforma forkludrar sjansane til å gjere gode val, ifølgje fjordingen.no.

VENTAR Ordførar Sven Flo og resten av formannskapet i Stryn ventar med å ta stilling til regiontilhøyrsle. Formannskapet vil ikkje lukke døra nordover. Arkivfoto 

Nyheter

– Utfordringa er at alle sit på gjerdet og synsar frå alle hald. Det er ikkje tydeleg nok kor vi kjem best ut i forhold til det som er viktig for Stryn, nemleg skule, næring og samferdsel, uttaler Flo ifølgje avisa.

Han meiner Stryn som randkommune har god tid og at det vil skje grensejustering etter stortingsvalet.

Det er betre Stryn er med på prosessen når den tid kjem, enn å bestemme tilhøyrsle no.

Flo er oppteken av ikkje å lukke dører nordover.

Frank Aarebrot trur det berre er eit tidsspørsmål før delar av Møre og Romsdal og delar av Rogaland blir ein del av Vestlandsregionen.

Om dette slår til, vil Stryn dele region med delar av Møre og Romsdal i framtida, sa Flo.

Stryn og Stranda?

Tysdag kom strandapolitikar Frank Sve (Frp) med eit utspel i Fjordingen om at Stranda og Stryn burde slå seg saman. Sitjande ordførar i Stranda, Jan Ove Tryggestad (Sp) stillte seg bak utspelet.

Stryneordførar Sven Flo (H) legg ikkje skjul på at han synes utspelet er interessant.  

– Stranda var tidlegare oppe som eit alternativ for samanslåing saman med Hornindal, men det var liten vilje og interesse for dette i Stranda den gong. At ordføraren no viser vilje til å ta opp hansken med Stryn synes eg er veldig positivt, seier Flo til avisa.

Sven Flo seier han vil be om eit møte med den politiske leiinga i Stranda ganske snart.

Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Nyheter