Herøy var mellom dei som tok grep då regjeringa delte ut pengar for å demme opp for aukande arbeidsløyse.

Kart og grafikk: Jakten på krisemilliardene

Åtte av 22 i jobb

Åtte av dei 22 har attpåtil fått seg jobb og ein av dei er Raymond Håbakk. Han er frå Hareid, men bur i Herøy – og no jobbar han ved Sannto i Ulsteinvik:

– Vi driver dekkhotell, dekkskift, bilservice og utleige. Eg storkosar meg, seier Raymond  etter nokre veker i jobben. Etter å ha blitt råka av nedbemanning, gjekk han ledig nokre månader då prosjektet kom på banen. No har Raymond mellom anna fått erfaring som arbeidsleiar.

– Eg har lært mykje, både sosialt og det å ha ansvaret for tilsette. Korleis ein handterer ulike situasjonar og får utført arbeidsoppgåvene, seier han.

Les også:

Krisemilliardane forsvann på vegen til kysten

Slik gikk det med krisepengene på Sunnmøre

«Ønskjeliste» på 200 jobbar

Etter ei rundspørjing i kommunen fekk prosjektarbeidarane ei «ønskjeliste» med kring 200 små og større jobbar ein gjerne ville ha utført.

(saka held fram under)

Ein lange rekke kommunale bygg og anlegg (sjå kart) har fått eit løft på dette viset.

– Også trur eg ein del av jobbane som er gjort, er slikt som kanskje har vore vanskeleg å prioritere, meiner Raymond Håbakk.

NAV-leiar: Vinn-vinn

NAV-leiar Jarle Stordal i Herøy legg ikkje fingrane mellom: – Dette har vore eit fantastisk prosjekt, seier han og viser til at det har vore vinn-vinn på fleire vis:

– Ein del av målsettinga var også å få ned talet på personar med sosialhjelp, og vi såg verknaden med ein gong, seier han.

Auka sjølvkjensle, betre cv, ny opptening av dagpengar – og tariffløn er andre fordelar for dei som har vore med.

Mørke skyer

Men dei mørke skyene er ikkje vekke frå det offshoreretta næringslivet i kommunen, og mange har vore lenge utan arbeid. Ved utgangen av året hadde halvparten av dei NAV-registrerte vore utan jobb i meir enn 26 veker.

– Fleire misser trua på seg sjølv i ein slik situasjon, og nokre blir kanskje hengande igjen i eit håp om at dei skal få kome tilbake til sin gamle arbeidsgivar, seier Stordal.

– Betyr mykje for meg

På kjøkkenet ved Herøy helse- og omsorgssenter startar Tina Solheim arbeidsdagen halv åtte om morgonen. 24-åringen fekk lærlingplass etter å ha vore med på tiltaksprosjektet.

– Det er stort og betyr mykje for meg. Eg stortrivast på kjøkkenet og elskar å lage mat, seier ho: – Også er det kjekt å sjå at dei eldre får skikkeleg mat. For det gjer dei her, seier lærlingen.

Dagen startar med å lage frukost også går det slag i slag. Etter middag er det gjerne kaker og kaffi – også skal det leverast ut mat til alle bustadene.

Ordna tider og ein arbeidsplass i lokalmiljøet er fordelar ho trekk fram ved jobben. Tidlegare har ho vore innom både mekanikk, teikning og helsefag, men no ser ho for seg ei framtid som kokk - og gjerne ved ein institusjon.

(saka held fram under)

– Hotell- og restaurantkjøkken er meir stressande med mange mindre porsjonar som skal rett ut med ein gong. Her er det meir storproduksjon og tid til å planlegge, forklarar ho.

Les også:

Krisemilliardane forsvann på vegen til kysten

Slik gikk det med krisepengene på Sunnmøre

Tøft å få jobb

Thomas Alexander Teige Sporsheim er ikkje mellom dei som ivrar etter å kome på seg sjøen. I staden har han sikta seg inn mot media, men det er vanskeleg å få fast jobb.

(saka held fram under)

Sidan hausten 2014 han har vore litt frilansjournalist og hatt oppdrag med å drive nettsider. Det siste halvåret har han hatt fullt køyr i prosjektarbeid med statlege krisepengar.

– Det er kjekt å ha ein jobb å stå opp til og få noko ut av dagen, seier Thomas.

I sommar måla omsorgsbustader og gamleheimen utvendig medan sola steika: – Også har vi klipt og fjerna busker. I haust måla vi innvendig på kulturhuset. Der var det all verdas fargar som fantes på 80-talet, og alt skulle bli kvitt, held han fram.

Rullestolbrukar fekk utsikt

Ein del av jobbane kan verke små, men det gjer ein forskjell for rullestolbrukaren som etter fleire år med vegetasjon framfor kjøkkenvindauget – igjen fekk att utsikta.

(saka held fram under)

Også Kay-Erik Igesund har måla mykje, men på andra plassar enn Sporsheim. Sunnmørsposten møter dei saman ved Bergsøy skule.

Igesund har mange år med erfaring frå arbeid i sportsbutikk, men har vore ledig i kring to år. No har han sett nye mulegheiter gjennom prosjektet.

– Tidlegare søkte eg mest seljarjobbar men når eg har forsøkt meg på fleire ting, kan det vere meir opent, seier  han.

«Så fint det blei»

Saman med Sporsheim har han gitt nye strøk med måling til klasserom og korridorar ved Herøy-skulen.

Nokre kunne nok tenkt seg at den 60 år gamle skulebygget «Borga» snart fekk avløysing, men dei tilsette sett pris på oppfriskinga og veit å fortelje det.

– Vi har fått så mykje positive tilbakemeldingar frå folk som passerer der vi arbeider. Slikt gir arbeidslyst og motivasjon. Det er fint å sjå at det du gjer betyr noko for folk. Vi er ikkje mestrar i «gamet», men gjer så godt vi kan for å få ting i rimeleg bra stand, sier Sporsheim.