– Vi ser allereie at det er kortare mellom dei kraftige nedbørepisodane, seier klimaforskar Dagrun Vikhamar Schuler.

Kor mykje meir vassføring må vi tole? No har dei etter beste evne forsøkt å talfeste det.  NVE, meteorologisk institutt, Uniresearch og Bjerknessenteret for klimaforskning legg i desse dagar fram ein klimaprofil for kvart enkelt fylke.

– Kommunane i Møre og Romsdal bør rekne med eit påslag på 40 prosent vassføring lokalt, seier Brigt Olav Samdal, reiongsjef i skred- og vassdragsavdelinga i NVE.

For dei større elvane på Sunnmøre ber dei kommunane om å førebu seg på 20 prosent større vassføring i løpet av dette hundreåret.

Opp til kommunane

No er det ikkje fylket men kommunane som har ansvar for å planlegge arealbruk og dimensjonere rør. Klimaforskarane bad likevel om å få legge fram rapporten for fylkespolitikarar, for å forankre det på eit så høgt politisk nivå som muleg.

– Rapporten er relevant for alle kommunar. Intense regnskyll kan kome overalt, sa klimaforskar Dagrun Vikhamar Schuler ved meteorlogisk institutt til fylkespolitikarane.

– Dette får konsekvensar for kommunal planlegging. Det er kommunane som no har initiativet, sa fylkesordførar Jon Aasen under møtet.

For det første gjeld det å ikkje bygge seg inn i framtidige problemområde. Og så må ein kanskje rydde opp i gamle synder, og heve bruer og skifte kullvertar, seier klimaforskarane.

– Og så gjeld det å ha nok midlar til vedlikehald, det er noko av nøkkelen når ein skal gripe fatt i dette for å forhindre store skader, seier Samdal.

Faren for flaum vil auke som følgje av klimaendringane. Her frå Ikorneselva.