Hornindal-skilt på avveie - igjen

– Her er det rett og slett nokon som har teke skiltet «Hornindal».

  Foto: Googe Street View

Nyheter

Det melder politiet i Sogn og Fjordane måndag morgon.

Skiltet som har stått på fylkesveg 60 ved Støverstein er borte. Den som har opplysningar om saka kan ringe på 02800, oppfordrar politiet.

Det er ikkje første gong dette skiltet har blitt stole, skriv lokalavisa Fjordingen.

Sist forsvant skiltet kort tid etter at vedtaket om samanslåing mellom Volda og Hornindal var gjort og «hexit» var eit faktum.