Prest sluttar i protest etter at homofile får gifte seg

Sokneprest Helge Standal i Sykkylven har sagt opp på grunn av vedtaket om likekjønna vigsle i kyrkja.

SLUTTAR Sokneprest Helge Standal i Sykkylven sluttar i jobben etter at Kyrkjemøtet har vedteke ny vigselsliturgi.  Foto: SYKKYLVSBLADET

Nyheter

Standal stadfestar overfor Sunnmørsposten at han no har varsla både biskopen, soknerådet og staben ved kyrkjekontoret at han ikkje kan halde fram som prest med den nye vigselsliturgien.

Det same har han fortalt kyrkjelyden under ei gudsteneste.

BAKGRUNN: Klart for homoekteskap i kirken

83 av Kirkemøtet sine 112 representantar røysta for det historiske vedtaket.

Den nye liturgien kan nyttast allereie frå 1. februar og kjem i tillegg til den vigselsliturgien som vart vedteken i 2003.

Helge Standal kom tilbake til heimbygda si då han vart tilsett som sokneprest i 2010.

Før det var han mellom anna prest i Nord-Norge og i Rogaland.

Fleire protestar

NTB melder at ein av dei mest profilerte motstandarane, Øivind Benestad, opplyser at han meldte seg ut av kyrkja i protest då vedtaket blei gjort.

Benestad meiner at den norske kyrkje har endra sin teologi om ekteskap, familie og barn.

– Det er no blitt offisiell kyrkjelære at kjønn er irrelevant i det kristne ekteskapet, skriv han i ei erklæring ifølgje Vårt Land.


Klart for homoekteskap i kirken

Kirkemøtet har vedtatt liturgien som også kan brukes når likekjønnede par skal gifte seg.