Ørsta får terningkast ein:

– Total skivebom, meiner eigedomsutviklar

– Eg er heilt sjokkert, eg trur eg får hjarteinfarkt. Ørsta er minst ein firar på terningen, seier Lars Oscar Fossen Øvstegård.

Takkar Amfi: Eigedomsutviklar og sentrumsentusiast Lars Oscar Fossen Øvstegård meiner at kjøpesenteret Amfi i Ørsta fortener takk i staden for kritikk. – Takk vere senteret er det folk i Ørsta sentrum, seier han. 

Nyheter

Eigedomsutviklar, sentrumsentusiast og sentrumsoppryddar i Ørsta, Lars Oscar Fossen Øvstegård, trur ikkje det han høyrer. I ei ny bok vert sentrumsløysingane til 34 ulike stader og byar i Norge slakta og hylla. Fire tettstader får terningkast ein, Ørsta er ein av dei.