Mattilsynet og kommuneoverlegen har jobba med saka i samarbeid med kafeen, skriv Vestlandsnytt.

Avisa fekk først tips frå ein av gjestene som var innom kafeen laurdag 14., januar. Tipsaren hadde vore i kontakt med fleire andre gjester, som alle hadde til felles at dei låg og spydde dagen etterpå.

– Vi kan ikkje peike på noko spesielt som var feil med kafeen, men vi har hatt møte med dei og snakka om saka, seier seksjonssjef Lennart Fløyd Berge i Mattilsynet til Vestlandsnytt.

Berre dagen før, 13. januar, hadde Mattilsynet kontroll på kafeen, som fekk eit stort smilefjes.

Kommuneoverlege og smittevernansvarleg Torill Myklebust i Herøy kommune meiner smittevernberedskapen har fungert, og skryt av dei ansvarlege på kafeen sin innsats i tida etter utbrotet.

Kafeen tok på eige initiativ tak og vaska ned heile lokalet, utan pålegg frå Mattilsynet. Dagleg leiar Marvin Strand på Madelynn seier til Vestlandsnytt at dette er ein svært utfordrande situasjon for ein kafé. Han fortel at nye rutinar er på plass.

Norovirus er ifølgje Norsk helseinformasjon den vanlegaste årsaka til utbrot av ikkje-bakteriell magetarmsinfeksjon – omgangssjuke – på verdsbasis.

Viruset er svært smittsamt og kan også overleve frysing, oppvarming til 60 grader og reingjering med klor, alkohol og vanlege reingjeringsmiddel. Viruset rammar oftast om vinteren.